Antall år siden Grunnloven ble vedtatt
200
Antall grunnlovsforslag bifalt av Stortinget
148
Antall paragrafendringer
315
Antall endringer du kjenner til
?
Svaret er sannsynligvis 3 eller færre.
Den mest kjente endringen er nok «Jødeparagrafen» som ble opphevet i 1851 og dukket opp igjen under krigen.
Den mest moderne endringen er nok «Arvefølgen» som kom i kraft for sent til å gi Märtha Louise tronen.
Den siste endringen er «Kirkeforliket» som i praksis fristilte kirken fra staten.
Bli med på Grunnlovsdugnad!
Jobben gjøres på Google Drive:
bit.ly/1814google
Resultatet ser du på Wikipedia:
bit.ly/1814wiki
All mediaoppstyret om Grunnlovsjubileumet fekk meg til å lure på kva me eigentleg feirar. Grunnloven er 200 år og på ein måte skal me feira eit langt "liv", men kva er historia til Grunnlova?
Byrjinga på Eidsvoll kjende eg til og nokre av dei viktigaste endringane hadde eg høyrt om. Men eg trong meir. Eg ville vite om alle grunnlovsendringane og bestemte meg for å finne ut av dette, og begynte med å be Google om hjelp.
Det einaste svaret eg fann var ei ti år gammal hovudoppgåve som lovde at datamaterialet var tilgjengelig. I desperasjon la eg igjen ein beskjed på svararen til forfattaren og venta. Det tok ikkje lang tid før eg fekk ein e-post og sat med fila som innehaldt alle endringsforslag mellom 1906 og 2001.
Med litt hjelp frå YouTube fekk eg konvertert SPSS formatet til CSV og med eitt stirra størrelsen på ambisjonen min meg i fjeset via Excel. Av 562 forslag til endring av Grunnlova var 82 bifalt av Stortinget.
På same tid tok eg kontakt med Stortinget, Justisdepartementet og Lovdata via Twitter og bad om hjelp. Med eit smilefjes fekk eg svar ifrå Lovdata.
To veker etter var artikkelen med alle grunnlovsendringane på plass og arbeidet kunne begynne for alvor.
For det var berre ei liste med datoar og paragrafer eg sat med no! Eg visste fortsatt ikkje kva som gøymde seg bak dei 184 grunnlovsendringane sidan 1814. Og det var no eg måtte bli godt kjend med Stortinget sitt Hovedregister.
Ikkje nok med det. Arbeidet tok fatt med dei eldste endringane og fyrste utfordring var den nær-Gotiske skrifta som møtte meg i dei tidlege digitaliserte Stortingsperiodane.
Eg blei snart vant til å leite etter ordet ”Sanksjonert” og sat til slutt med ei liste med kva grunnlovsendringane angår og lenker til dei relevante dokument.
Det som manglar no er ei forståeleg og tilgjengelig forklaring på grunnlovsendringane. Det er her eg må be om hjelp og håpar at du blir med på dugnad.
Bli med på Grunnlovsdugnad!
Jobben gjøres på Google Drive:
bit.ly/1814google
Resultatet ser du på Wikipedia:
bit.ly/1814wiki