La Israel Drepe
Sympatien fordampar ettersom trykket aukar. Til og med bestefar min på 82 år som eg åt frukost med i dag morges har fått nok. Amerikavenn har han alltid vore – “da e russaren som e’ farlige” – men nok er nok, for han og. “Står da noke i bibelen om at palestinaren er mindre verd enn andre folk?” fortal han meg at han spurde ein Israelvenn i slekta. “Da blei stilt då,” sa han. Oktogenarisk radikaler – det hadde eg aldri trudd. Men han er nok også eit eksempel på at ein ny bevissthet er i ferd med å vakna.
Noreg har vore trufast Israelvenn sidan 50-talet, like etter krigen, og har stått attmed Guds folk sidan. Om slik eit folk finst er vanskeleg å avgjere, men visst ein tek for seg alt det jævlige som har hendt i Guds skaparverk i historien, er det kanskje ikkje uventa at folket hans (les: IDF) no ser ut som ein gjeng barbariske morderar. Det sit fortsatt folk å tviheld på trua rundt om i landet. Dei er fortsatt mange, men dei minkar fort i dag. Heldigvis. Religion har me bruk for, men ikkje ein som snur augo vekk istadenfor det andre kinn til.
Myta om Israel er i ferd med å dø. Folk har ikkje gløymt den siste verdskrigen, men dei kan ikkje forklara handlingane til folket som då lei verre enn alle andre. Og her ligg sanninga, og kanskje livet til både Israel og naboane hennar. Ideen om Israel er i ferd med å tape mot det verkelege Israel. I kvar mann og kvinne er det ei grense der konseptet må gje etter for realiteten – ein spade må til slutt kallast ein “spade” hos dei fleste. Og sjølv om informasjonen som når Noreg er svært begrensa, er det meir enn nok til at mange sine grenser no vert sprengde.
Dette er vaksendåpen til Israel, og kva det skal bli av bornet er opp til deg. Dei som tviheld på retten til “Guds folk”; dei som dreg fram vers i bibelen som argument; og dei som godtar at unge menn og kvinner må leva med å ha teke andre sine liv, dei er ikkje lenger tilhengarar av å La Israel Leve, men ved å lukka augene sine vert dei medskyldige i å La Israel Drepe.
Category: geirmund.com | Tags: Amerika, Bibelen, Gaza, Gud, Guds Folk, Israel, La Israel Leve, Palestina, Religion Comment »